Linkar.

torsdag 11. oktober 2012

THEA SITT ROM - OPPUSSINGA STARTAR.

På sundag starta Thomas med å jobbe på det som skal bli Thea sitt rom. Hjelpe meg, kor eg gledar meg. No i starte var det mest fikse-opp-i-det-som-dei-som-pussa-opp-det-rommet-sist-hadde-gjort-feil. Jupp. Golvet knirka, og det var panel berre på nokre av veggane.

No skal det bli kvitmalt smartpanel på alle veggar, utanom den største, som skal få ein nydeleg fugletapet frå Eijfinger. Golvet beholder me. Det er ikkje det du ser der, men eikeparkett, som foreløpig er fjerna under arbeidet.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar