Linkar.

mandag 11. mars 2013

1-ÅRSFESTEN TIL THEA.

Sjølv om Thea ikkje har bursdag før i morgon, feira me bursdagen hennar i helga, slik at flest mogleg kunne komme. På laurdagen hadde me nærmaste familie på besøk, og me serverte heimelaga  snittar, og kake og kaffe (takk, mamma og svigermor). På sundagen var det 5 små på besøk, med sine foreldre, og me storkoste oss med ballongar, gåver, saft og kaker.

Bordet blei eg meget nøgd med. Det er pynta med serviset vårt, Silver Paisley, gule serviettar frå Kid, heimelaga pongpongar som er laga av silkepapir (tydeligvis umulig å få tak i), grillspyd, med heimelaga navnelappar av papir og dymo, og oppskåren frukt. Heimelaga vimpelrekke og krone av papir, voksduk frå Princess (viktig når ein har små), og kvite tulipanar. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar