Linkar.

fredag 15. mars 2013

TEST - GÅVE TIL KATRINE.

Hoho. Prøvde meg på å strikka fletter for første gong, rett før venninna mi hadde bursdag. Dei blei sjåande heiøt OK ut, så no står dei (kanskje?) hos ho i Bergen. Eg har brukt barnematglas.

Oppskrift
Pinne nr. 5
Garn - østlandsgarn frå Nille, strikkefasthet = 23 m.

Eg la opp 32 masker. Strikka 3 vr, deretter 2 r, 2 vr til det er 3 m igjen. Dei 3 siste strikka eg vr. Etter 3 pinnar strikkar eg fletter med 2 masker ved alle dei rette maskene.

Strikk 4 pinnar til, deretter fletting igjen. Strikk 4 pinnar til, fletting, og avslutt med 3 pinnar.

Hugs at du må strikke motsatt r og vr, når du strikkar tilbake kvar runde.

Fell litt stramt, og sy saman.

Lukke til!

1 kommentar: