Linkar.

torsdag 15. august 2013

EKTE VARE - TREERMA GOLVLAMPE

Oi oi oi. Eg har jo endå ikkje vist alle dåke kjekke der ute den vakre lampen min. Ikkje alle (les: sambuar) syns denne er like flott som eg gjer, men så betyr den gjerne litt ekstra for meg og.

Min farfar, som ikkje er med oss lenger, og onkelen min, laga denne heilt sjølv ein gang på 60-talet eller noko sånn. Etter at farmor dø, og familien tømte huset, var eg altså den heldige som fekk ta med meg lampen heim. Den hadde forferdelige lampeskjermar, som ikkje var heimelaga, i plaststrimler som var "surra" rundt ramma på skjermen.

Eg og mor mi sydde nye, fine lampeskjermar i stoff. Det er sydd ein kant i begge endar med strikk i. Enkelt og greitt.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar