Linkar.

søndag 21. oktober 2012

SOFAKROKEN VÅR.

Tenkte eg kunne vise korleis sofakroken vår ser ut. Det er verkeleg fargerikt, og mange syns nok at det er litt vel mykje, men fargar er viktig for meg. Eg syns at eit interiør skal gjenspegla kven du er, og eg syns i alle fall at det passar i forhold til korleis eg likar å kle meg. Om eg er like sprudlande og glad kvar dag, er heller litt usikkert.

S: Står interiøret hos deg i stil med personligheten og klesstilen din?

 Fatet og lysestakane er arva etter farmor og farfar. Dei kvite og blå vasane er frå Kremmerhuset, og den i gjennomsiktig plast (faktisk) er frå Søstrene Grene. Den blomstrete puta bak er frå Åhlens.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar